Velkommen til familiedag i Skånevik kultur - og idrettshall i laurdag 21. januar kl. 12.00.  Les meir!


To spelemannsprisvinnere til festivalen (20.01.17) NY!
 
 http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Skånevik Bluesfestival:  I 2008 blei Seigmen, som første rockeband, invitert til å spela i den splitter nye Operaen i Oslo. Det blei to utselde hus og fantastisk stemning. Bandet representerer noko nytt, og har ein teatralsk tilnærming til musikken. Det er likevel som eit fantastisk liveband Seigmen har skapt sitt rykte. Morten Abel treng eigentleg ikkje ytterlegare presentasjon. Som m.a. fleire gonger Spelemannsprisvinnar og høvding i MODS og SEPTEMBER WHEN og ein knall solokarriere. Vi gler oss veldig til Morten Abel kjem og sett fyr i publikummet i Skånevik.  dobbelpil Les meir

Nyttårshelsing (10.01.17)
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Etne kommune, v/ordføraren:  I Etne kommune er folketalet høgare enn nokon gong. 4135 innbyggjarar bur i den vakre og mangfaldige kommunen vår. Kommunen vår har kvalitetar som mange set pris på.  Den er ikkje stor, men er likevel større enn halvdelen av kommunane i Hordaland.   Som ordførar i Etne er eg stolt over kommunen og ser optimistisk  på vegen vidare. Etne kommune har mange gode kvalitetar, positive innbyggjarar og gode tenester. Me er privilegerte som får bu på ein stad, i eit land der dei aller fleste opplever trygghet, fred, rein natur og velstand.  Saman skal me byggje vidare på dette.  dobbelpil Les meir


Stem på årets namn (02.01.17)
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Grannar:  No kan du vere med på å stemme fram årets namn i Grannar. Det skjer via e-post eller gjennom kupong i papirutgåva. Etter at lesarane har lansert sine kandidatar er det seks som er med i den endelege kåringa av Årets namn 2016. I løpet av dei to neste vekene er sjansen til å stemme på den kandidaten du vil ha fram.  dobbelpil Les meir og stem i Grannar


God jul!  (22.12.16)  
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Skånevik nett vil ønskja alle som er innom skaanevik.no ei riktig god jul og eit godt nyttår.  Det skjer mykje i Skånevik i jula.  Det er fleire arrangement på House of Blues, på hotellet, i idrettshallen og i kyrkja.  Les meir om dette i arrangementkalenderen.

Budsjettsemje i Etne i siste sekund (15.12.16)
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Haugesunds Avis:  Eit politisk fleirtal i Etne blei seint i går kveld samde om å berga kjøkkendrifta ved Skånevik omsorgssenter - men la på eigedomsskatten endå meir - frå 3 promille til 4,25 promille for hus og hytter. (Foto: Sigmund Hansen). Eit stort fleirtal av etnepolitikarane klarte seint onsdag kveld, dagen før kommunestyret skal vedta budsjett for 2017, å bli einige. Men det betyr at eigedomsskatten for etnebuen blir sett ytterlegare opp med 1,25 promille – noko som for ein vanleg huseigar betyr mellom tre og fire tusen kroner i året. – Sp og Høgre sto hardt på at den økonomiske stoda er så alvorleg at me måtte gå med på å auka eigedomsskatten ytterlegare, seier varaordførar Ingemund Berge (KrF) i dag tidleg.  Han fortel at berre Frp nå står utanfor det store politiske forliket om kommunebudsjett for 2017. Ap og KrF ville i utgangspunktet auka e-skatten med 1 promille.  dobbelpil Les meir

Ny bok av Hans Olav  (11.12.16)  
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Genesis Forlag:  Han har vore ein profilert mann i media og har hatt mange jarn i elden både i sitt yrkesliv og på privaten. Han har blitt kroppsvisitert av KGB, og trong bistand frå utanriksminister Thorvald Stoltenberg for å få igjen personlege eigendelar; og han har vore psykiater på utlån. Sjølv klatra han aldri heilt til topps i politikken, men han klatrar framleis kvart år til topps på Hodnet i Skånevik og er heller ikkje redd for å bestiga Galdhøpiggen. Han var ein klårsynt debattant på Stortinget og var ikkje redd for å føra tydeleg tale. Pågangsmot og engasjement har han fått tildelt i stort mål. Gled deg til å ta del i Hans Olav Tungesvik si forfriskande livsreis i denne boka.  dobbelpil Les meir

Haugaland Kraft tek over SØK (09.12.16)  
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Grannar:  Haugaland Kraft blir nettselskap for dagens SØK-kundar frå 2018.  Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) blir overtatt av Haugaland Kraft, ifølgje ein intensjonsavtale. SØK, som i dag er organisert i eit samvirke, kor kundane er eigararar, blir etter planen omdanna til eit AS og får ein eigarpost i Haugaland Kraft, men SØK AS vil då ikkje ha nokon annen funksjon enn å eige ein aksjepost i Haugaland Kraft AS. Det vart presentert på ein pressekonferanse i Haugesund i føremiddag.  dobbelpil Les meir


Pantemillionen delt ut (06.12.16)
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Haugesunds Avis:  Det var i oktober en ukjent person forlot panteautomaten på nærbutikken i Skånevik med milliongevinst hengende i maskinen. Den heldige vinneren har ikke meldt seg, men det gjør at andre får glede av gevinsten på en million kroner.  I dag ble derfor gevinsten delt ut. Røde Kors sentralt og Røde Kors i Etne fikk 450.000 kroner hver, mens Spar-butikken i Skånevik fikk 100.000 kroner, skriver NRK.  dobbelpil Les meir

Frukost ved fjorden med Victor Carlsen (27.11.16)
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Einar Gisle Sellevold:  Victor Carlsen jr hadde eit glitrande kåseri sist han var kulturelt innslag på "Frukost ved fjorden" på Åkrafjordtunet.  Onsdag 30.11. har me klart å få han attende. "Ei annleis sjøreise" er tttelen på kåseriet hans denne gongen.1959. Victor Carlsen jr på veg frå Haugesund til USA.  Dei reiser om London og Bermuda.  Victor var einaste nordmann ombord på båten.  Victor har ein klår og god røyst, og med Åkrafjordtunet sitt nye høgtalar-anlegg vonar me at alle skal få ein flott stund, attpå den særs rikhaldige og velsmakande frukostbufféen. Alle hjarteleg velkomne!

Velkommen!  (27.11.16)  
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Astrid Askeland Johnsen:  Bli med på juleverkstad og familiekor!


Start av detaljregulering for fv. 48  (23.11.16)  
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Etne kommune:  Torsdag 17.11.16 var der oppstartmøte for arbeid med reguleringsplan for opprusting av vegstrekninga Skånevik – Flesjo. Deltakarar var Statens Vegvesen avd. Voss-Hardanger, Multiconsult og Etne kommune v/avd. Utvikling. Etter møtet var der synfaring i planområdet.  Førebels planavgrensing er frå krysset ved Skånevik omsorgssenter til grensa mellom Flesjo og Tungesvik (ved tomta til fam. Ersland), ei strekning på om lag 2,6 km. Det vil bli lagt inn fortau frå omsorgssenteret og fram til Ytranesvegen/Vannesvegen.  dobbelpil Les meir

Budsjett 2017 - økonomiplan 2017 – 2020(23.11.16)   
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Etne kommune:  Budsjettet og økonomiplanen ligg til offentleg ettersyn på tenestetorget, på biblioteka og på heimesida til kommunen fram til 12.12.2016.

- Kanskje Etne Kommune bør ta seg ein pust i bakken !! (21.11.16)
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Alf Warloe Christophersen:  Etne Kommune er ein god kommune å bu i. Mange flinke innbyggarar. Flinke offentlig ansatte. Og med eit næringsliv som står på for å skaffa inntekter til å holda hjula i gang i stat og kommune.Skånevik har lite og ingenting å gi fra seg. Offentlige tjenester er like viktige her som ved Etnesjøen.  Å holda liv i eit lokalsamfunn er eit samspel mellom offentlige tilbud og det private nærlingsliv. Ein skal vokta seg vel for å begynne å kutta i tilbudet, då dette automatisk vil føra til fraflytting og tap av arbeidsplasser. Slik forsvinn også inntektene. Ungdomen som veks opp må sjå lyst på muligheten for arbeid osv etter endt utdanning. dobbelpil Les meir


Svømmer rundt i lukket forskningsmerd (18.11.16)
 
http://www.skaanevik.no/images/ny_ver_o6/gronnknapp.gif Hgs. Avis:  Haugesundsselskapet Aquafarm Equipement AS har designet og laget forskningsmerden Neptun. Sist helg ble den tatt i bruk ved Marine Harvests sjøanlegg på Molnes i Etne.  TESTER UT: Marine Harvest tester ut lukket sjøanlegg for laks ved Molnes i Skåneviksfjorden. Neptune er en tredjegenerasjons lukket oppdrettsmerd for sjø. Nå svømmer det rundt laks fra smoltanlegg i Vindafjord i den for å gi bransjen ny kunnskap.  dobbelpil Les meir

 Nokre av dei siste nyhenda

(18.11.16)   

Jespersen nummer åtte

(15.11.16)   

Lys vaken i kyrkja

(07.11.16)   

Ness overtar Vard

(07.11.16)   

Budsjett 2017 - økonomiplan 2017 - 2020

(01.11.16)   

Frukost med Harald Grønnevik

(28.10.16)   

Skånevik Bluesfestival

Sida blei oppretta den 1. mars 2000 og oppdatert den 21.01.2017.

Bruk Skånevik nett til å profilera din bedrift!
 
Ta kontakt for tilbod på presentasjonssider og annonser.

  
    
© Skånevik nett    


 

Siste   gratisannonse
BJØRKEVED TIL SALGS
1000 l sekk (fint lødd på pall) kr 750
60 l sekk kr 60 
Kjell Hustoft ,Håland
tlf 95974968
kahust@online.no

Les meir
..............................
Lesarinnlegg
 
 Roar Knudsen:  Kvifor politikk, og kvifor i alle dagar Frp? Eg har alltid vore rimeleg interessert i kva som skjer rundt meg.  Les meir
..............................

Velkommen til Skånevik nett - informasjonskanalen om Skånevik i Etne kommune!